HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Frå dyrlegens kvardag

Når kua ikkje reiser seg

Ein morgon vart eg vekt tidleg av telefonen, og når bøndene ringjer før klokka sju om morgonen er det ofte alvor. Bonden som ringde var nettopp kommen i fjøsen, og der fann han ei nykalva ku strekt ut på båsen. Kua hadde kalva dagen før, så me mistenkte mjølkefeber med ein gong.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Mjølkefeber er ein alvorleg sjukdom, og det er ikkje alle som kjem seg på beina trass i behandling. Nødslaktordninga er god å ha for å berga kjøtet, men kua må vera allment frisk for å kunne godkjennast til folkemat.

Eg reiste av garde så fort eg kunne, og me fekk behandla kua for mjølkefeber. Då eg kom, låg ho flatsides, var kald å ta på og ho var byrja å blåsa seg opp i vomma. Etter behandlinga fekk me ho opp i brystleie og ho vart kvikkare i hovudet, men ho reiste seg ikkje. Ofte tek det litt tid før medisinen får verka godt i kroppen, så eg let ofte kua få liggja ei stund før me prøver å jaga hardt på ho.

Kyr likar ikkje å få vatn i øyra, så ein av metodane for å lura dei opp, er å tømma litt kaldt vatn inn i eitt øyra, for å sjå om det kan hjelpa. Elles brukar me stemma og jagar på kua. Det er viktig at det er godt med strø, eventuelt sand rundt kua, slik at ho ikkje glir ut med beina viss ho prøver å komma seg opp. Fotband på bakbeina kan vera lurt for å hindra at dei forskrevar seg. Viss ikkje dette hjelper, snur me ho, slik at ho ikkje vert liggjande på same side lenge, for då vert blodsirkulasjonen i låret som vender ned forringa, og det kan bli muskelskade.

Ikkje mjølk meir enn du treng til kalven

Under behandlinga så pratar me ofte litt rundt årsakene til mjølkefeber, og kva som kan gjerast for å forhindra at dette skjer med fleire. Eg vil påstå at det å ikkje mjølka meir enn det ein treng til kalven, er svært viktig, særleg viss kua har hatt tre eller fleire kalvar. Det er mykje kalsium i mjølka, og ved mjølking tek ein ut mykje kalsium frå dyret. Rett hold på kyrne spelar også inn, feite dyr er meir utsett for mjølkefeber. Ein bør også tenkja på kva pH ein har i jorda si. Sur jord gjer at graset tek opp meir kalium enn kalsium, og følgeleg disponerer for mjølkefeber. Det finst også tilskot av kalk ein kan gi i samband med kalving for å førebyggja sjukdommen.

Kuløftar

Kua treng og ein pause frå å bli jaga på, så visst ho framleis er liggjande, let me ho liggja i fred nokre timar før bonden kan gjera eit nytt forsøk med å få kua opp. Kua må også få god tilgang på vatn og fôr medan ho ligg nede. I Sogndal er det ein bonde som har ein “kuløftar” som han velvillig låner ut, og den er veldig fin å prøva viss me ikkje får ho opp på vanleg måte. Denne kuløftaren har nok berga ein del kyr frå nødslakt.

Nødslaktsertifikat

Eg avtalar med bonden at viss kua ikkje er kommen på beina att i løpet av 5-6 timar, må han ringja opp att, slik at me får prøva ei behandling til.

Denne gongen vart eg kontakta att, for kua reiste seg ikkje. Ho hadde fått god matlyst, drakk godt med vatn, men fekk ikkje med seg bakparten då ho skulle opp. Bonden hadde hatt med seg godt med hjelp for å få opp kua, men dei lukkast ikkje.

Eg kom att og me behandla ho ein gong til for mjølkefeber slik at me visste at det ikkje var lågt kalsiumnivå i blodet som gjorde at ho ikkje kom seg på beina. Denne gongen skreiv eg også ut nødslaktsertifikat til kua, for viss me ikkje fekk ho opp no, måtte me ta ei avgjerd om nødslakt. Nødslaktordninga har blitt skjerpa fleire gonger, og no må dyra nødslaktast innan 24 timar etter at ulukka skjedde. Kua må også vera allment frisk for å kunne gå til nødslakt.

Nyttar slaktet

Av og til hender det dessverre at me av ulike grunnar ikkje får kyr på beina att, og då er nødslaktordninga god å ha for å få berga slaktet.

Det er kjedeleg å mista ku til nødslakt, men det er veldig bra at me har denne ordninga når uhellet er ute. Det er viktig å vera klar over at kua må nødslaktast relativt raskt etter at ulukka skjedde, og kua må også vera allment frisk for å kunne godkjennast til å gå inn i kjøtindustrien.